Borgarøya - ei perle på Sunnmøre

Post date: 04.sep.2012 17:07:20

Borgarøya, også kalt lille Hatløya er ein gamal handelsstad som ligger i skjærgården ved Ulsteinvik. Namnet kjem av at det har vore «borgere» her sidan tidlig på 1600-tallet. Dette var folk som hadde løyst «borgerbrev» og hadde rett til å reise langs kysten og drive handel. Staden låg sentralt langs den gamle skipsruta mellom Bergen og Trondheim. Handelsmenn fra Bergen hadde varelager på øya og dreiv bytehandel av fisk og landbruksprodukt. På det meste var det 17 ulike bygningar her, og det var fast handel fram til 1880-åra. I dag er Borgarøya ein populær utfartsstad og om somaren har det enkelte år vært kafédrift i det gamle handelshuset på øya.

Den gamle handelsstaden er eigd og vedlikehaldt av Ulstein kommune, og i samarbeid med bla. Ulstein Seilforening fått seg nytt bryggjeanlegg i betong langsgåande ved land på 36 meter, med utriggar på kvar ende. Ein fortøyningsbøye er også lagt ut, slik at ein kan fortøye med hekk mot bryggje. Retning på bryggja vert SV-NA. På land er der kome opp eit nytt sanitærbygg med toalett ope for allmenheita. Der er ikkje lagt ut straum og vatn på bryggja, men kven treng vel det for ei natt eller to.