Siste nytt‎ > ‎

Svinøyregatta 2014

lagt inn 22. jun. 2014, 10:37 av Oddvar Marøy   [ oppdatert 22. jun. 2014, 10:41 ]

Etter lang kveldsmat og turar i land, syntes gutane ombord i Frida at det var rart at ikkje fleire deltakarar hadde dukka opp, men vi slo oss til ro med at tidleg start frå Ørsta laurdagsmorgon, likevel ville gjere det mulig å rekke skippermøtet kl 10.00 på brygga.
Klokka var runda halv tolv fredagskvelden, og vi hadde begynt å emne på at det var på tide å finne køya, men ein liten sjekk på heimesida forklarte det dårlege oppmøtet. AVLYST. 
Etter nokre kjappe telefonar til mannskap som skulle kome utover med bil laurdags morgon, var all tvil feia vekk, Svinøya skulle rundast på laurdagen.
Vi henta resten av mannskapet på Larsnes 0930, gjennomførte skippermøte ombord på veg mot Sandshamn, og beslutta framskynding av start til kl 1030, grøn bane.
Flott vær, NA laber bris og tent mannskap. Eit legg mot Gjøsneset før vi sette kursen mot Svinøya. Eit legg, jamn vind, 1 - 1,5 meter bølger, vind mellom 10 og 15 knop og jamt 7 knops fart. 


Ca kl 1158 runda vi nord om Svinøya, i underkant av 1,5 time. Etter runding auka vinden noko og med frisk bris inn tvers BB gjorde vi jamt 7-8 knop med bølger inn litt aktenfor tvers babord. Mållina vart passert kl 1332, og for ein gong skult såg vi ikkje hekken på ein einaste konkurent for heile turen.
Manglande premiering på brygga la ingen demper på ein flott seglopplevelse som alle som hadde so mykje anna å gjere dinna helga, gjekk glipp av. 
Manglande melding til einaste påmeldt deltakar la ingen demper på ei flott seglhelg, men vi er av den oppfatning at det hadde vore kjekt å segle saman med fleire andre. Neste år bør fleire vere med, og opplegget er kanskje fortsatt mogleg å vurdere innhaldet på, både tidspunkt, banevalg og landaktivitetar. 
Comments