Siste nytt‎ > ‎

SUKSESS MED FELLES TEMAKVELD

lagt inn 14. mar. 2012, 14:59 av Ørsta Seilforening   [ oppdatert 18. mar. 2012, 14:42 ]

Onsdag 14. mars var det duka for felles temakveld saman med Ulstein Seilforening, med tema kappseilingsreglar og taktiske valg. Kvelden vart leia av Harald Notøy frå Ulsteinvik, og rett i overkant av 20 personar frå ØSF og USF hadde møtt opp. 

Atle Bjerkvik frå Ørsta gjekk gjennom gjeldande kalender og reglement for 2012 til ØSF før Notøy så tok over. Han starta med å introdusere ein kortversjon av kappseglingsreglane som ein kan finne på nett. 

Eit program på nettet som syner ulike situasjonar under reagatta vart så nytta til å diskutere ulike regattareglar. Sjølv om dette berre er på dansk, var det til stor nytte for å skape til dels høglytt og engasjert diskusjon. Og det var fleire enn underteikna som måtte innsjå at reglane i nokre tilfeller seier noko anna enn magefølelsen.
Det var ein svært lærerik kveld, og trur godt vi kan ha fleire slike på vinteren når dei fleste båtane ligg i opplag. Og det var kjekt å være saman med våre seglarvener frå Ulsteinvik.
Anders A. Steinnes

Skjermdump frå simuleringsprogrammet

Over 20 oppmøtte på Tussatun under Temakvelden. Foto: A. Bjerkvik


Harald Notøy leia forsamlinga gjennom ulike situasjonar. Foto: A. Steinnes

Comments