Siste nytt‎ > ‎

Seilingens dag - Laurdag 22. august 2015 - del 2

lagt inn 30. aug. 2015, 04:09 av Anders Albertson Steinnes
https://lh5.googleusercontent.com/-rq6Ix99-XX0/VdIY5uspUFI/AAAAAAACSHE/akOMGj9aZ4Y/w340-h233-no/Seilingens-dag-logo.jpg
I høve friluftsåret 2015 inviterte ØSF til Seilingens Dag i Ørsta laurdag 22. august. Desverre var det ikkje så mange nysgjerrige som møtte opp, men dei som kom, fekk seg ein flott tur på fjorden. ØSF stillte i utgangspunket med fem båtar, men det vart berre behov for tre. Stor takk til dei i ØSF som sette av tid, og ville dele båten sin med andre denne dagen.
Sjølv om det var labert oppmøte, ynskjer ØSF i utgangspunktet å gjenta dette arrangementet, da kanskje under paraplyen Naturfestivalen i Ørsta. 
Å rekruttere nye menneske til denne måten å ferdast på sjøen er ein god ting, og dette kan være ein måte å gjere det på. Så gjenstår det å sjå om dei som deltok på Seilingens Dag i Ørsta, neste år stiller med eigen skute......

Stor takk til Jan Evo Fahle, Knut Arne Nygård og Carl-Åge Henriksen for foto og video.


https://lh3.googleusercontent.com/46w_lb4sbhlUioWmyKvDKvTexT_M5Hlw0B1HVWEqh6gW=w1246-h455-no
Foto. Jan Evo Fahle (Helgehornet)

https://lh3.googleusercontent.com/U6JYzLIoI7UKrg5qaoIMI31xsenEjDbBqdNI-0LSgDHH=w1246-h701-no           https://lh3.googleusercontent.com/G_esiCQaKUwppqdXy4TEv2tP0H6NhkD9tjE-vhaDVm0c=w1246-h701-no
Foto: Knut Arne Nygård


Comments