Siste nytt‎ > ‎

Seilingens dag - Laurdag 22. august 2015

lagt inn 17. aug. 2015, 13:07 av Anders Albertson Steinnes   [ oppdatert 19. aug. 2015, 14:38 ]
I høve friluftsåret 2015 inviterer seglforeiningar over heile landet til Seilingens dag, med mål om å fremme seglsporten.

Laurdag 22. august kl 12.00 ønskjer også vi i Ørsta Seilforening å arrangere Seilingens dag. 

– Interesserte kan møte ved Ankerstova i småbåthamna, der det vil bli orientering om Ørsta Seilforening og om segling generelt – både regattasegling og tursegling. Deretter vil det vere høve for ein tur på sjøen, då foreininga vil stille opp med fem havseglarar med skipper og mannskap. Vi ønskjer at fleire skal oppleve gleda av å segle, og vi ønskjer sjølvsagt også å rekruttere fleire til seglsporten. Ikkje berre regattasegling, men også for deltaking på vore samlingar og fellesturar på fjorden, fortel initiativtakar Anders Steinnes og Bent Jan Nilsen.

– Vi håper at dei som har sett oss på fjorden under onsdagsregattaen, og sjølv har hatt lyst til å prøve seg i seglebåt; eller dei som har interesse eller tidlegare erfaring innan segling, tek turen til hamna denne laurdagen for ein hyggeleg og informativ tur på sjøen.

Vi har fått låne redningsvestar av Ørsta Røde Kors, for dei som ikkje har med dette sjølve. Vi oppfordrar også dei som vil være med på sjøen om å fylgje med på værmeldinga ang. kle, og at skotyet ikkje set att svarte merke på båtane (tenk gymsal). Vel møtt til ein tur på fjorden.

Artikkelen i mørenytt finn du her.

Om det skulle være noko du lurer på i forkant av dette arrangementet, ta kontakt med:

Anders A. Steinnes (47620541) 

anders.steinnes(a)gmail.com

   






























 
https://lh3.googleusercontent.com/y40-oxYt2r6QPqFo4nH0YTum9RSKYt426nqTiA9BYAXT=w1194-h895-no



    
https://lh3.googleusercontent.com/bjaUm6abg2jbq7QWKN4e-WRGWn9kP76jkDNY2dlE0-Lu=w1194-h895-no
Litt bilder frå regatta, turar og havseglas:











https://lh3.googleusercontent.com/QkUrtTvFqtwBD7T-_muVKCbwxiNEGYgMQnEjtlR9-vA2=w1280-h854-no        https://lh3.googleusercontent.com/WHLZhj8aZeHolYCfwDoCr2SlvJTqpv-6DFD4wAlgYbC4=w1194-h895-no

https://lh3.googleusercontent.com/J5ZyuApkhpk-Yx4rxf41SAhSytCOY0dfQDpEJBUx3b8v=w1280-h720-no       https://lh3.googleusercontent.com/QKHuqPlT2-jxRrSkMFjjz7pFN1_tizZEktQzvX2_fVYH=w1280-h720-no
Foto: Anders A. Steinnes







Comments