Siste nytt‎ > ‎

Retura Hauststormen 2013 - resultat

lagt inn 28. sep. 2013, 15:11 av Anders Albertson Steinnes
Så var årets siste regatta over. Dagen starta med nydeleg morgonsol og etter kvart eit yrande liv på brygga. Heile 11 båtar stillte til start på Rjåneset, etter Gundermetoden. Fin og jamn vind frå Vartdalsfjorden/Ørstafjorden gjorde at båtane starta i tur og orden etter utrekna starttid. Det var eit mellomrom mellom dei seks første og dei fem siste båtane, men etter runding på Berkneset byrja det å samle seg. Ved Raudøyholmen vart det meir eller mindre stopp for dei fleste. Eit par båtar greidde likevel å halde siget gjennom stilla, og fekk dermed eit forsprang innover fjorden. Frå Raudøya og innover mot Digernes var det jamn sønnavind, men så spakna det igjen innst i fjorden. Da ingen greidde maksimaltida vart det bestemt avkorting på Digernes. Ti båtar fekk dermed plassering. Gratulerer til Sivert Vågen og hans mannskap for ein suveren siger. 
Etterpå var det høg pizzafaktor med utdeling av premiar og vandrepokal.

Nokre har no pakka ned segla, andre vil kose seg på fjorden vidare utover hausten. Så er det berre å gle seg til neste år, med nye fightar på fjorden. Men før det skal vi jo ha  årsmøte.


Her er resultatlista:

1. Sivert Vågen                  Banner 28
2. Anders A. Steinnes        Bavaria 38
3. Jan Osborg                    Bavaria 39
4. Bent J. Nilsen                Bianca 107
5. Atle Bjerkvik                  Benneteau 423
6. Per Terje Haugen           Jeanneau SO36I
7. Peter Holvik                   Halberg Rassy 321
8. Lars Jørgen Vik              Bavaria 32
9. Sverre Åmbakk              Jeanneau SO39
10. Øye/Knutsen               Benneteau Cyclade 39
11. Arne Østgård               Jeanneau SO42I            (DNF)

   
Foto: Anders A. Steinnes
   
Foto: Anders A. Steinnes
   
Foto: Albert P. Steinnes
    
Foto: Albert P. Steinnes
   
Foto: Albert P. Steinnes
   
   
Foto: Albert P. Steinnes
    
Foto: Albert P. Steinnes
    
Foto: Anders A. Steinnes
    
Foto: Anders A. Steinnes
    
Foto: Albert P. Steinnes
    
Foto: Anders A. Steinnes



Comments