Siste nytt‎ > ‎

Retura Hauststormen 2012 - Resultat

lagt inn 30. sep. 2012, 06:35 av Ørsta Seilforening   [ oppdatert 30. sep. 2012, 06:36 ]

                                    Foto: Knut Arne Nygård


Så var årets siste regatta i regi av ØSF over. 11 båtar stillte til start på Rjåneset, noko som er imponerande i forhold til antal medlemmar i foreininga. Svak vind gjorde regattaen utfordrande, og for mange vart det fullstendig stopp inne i Bjerkvika. Men som eit plaster på såret vart det nydeleg vær med berre meir og meir sol utover dagen. Bana fekk avkortning ved Raudøyholmen, og dit nådde berre fem båtar innanfor maksimaltid. Det vart ein litt overraskande pallfordeling med tanke på kva båtar som hadde hatt god leiing gjennom heile regattaen, men som havna i stilla like ved mål.

Resultatet vart som fylgjer:

1.        Arne Østgaard - Desiree
2.        Bent Nilsen - Anne Lise
3.        Petter Eikrem - Desiree
4.        Anders A. Steinnes - Ariel
5.        Lars Jørgen Vik - Bris
DNF    Atle Bjerkvik - Memore Bell
DNF    Jan Osborg . Ohana
DNF    Per Terje Haugen - Blue Quest
DNF    Oddvar Marøy - Frida
DNF    Jørn O Øie/Gunnar Knutsen - 4-Lives
DNF    Lars Øie 


Comments