Siste nytt‎ > ‎

Referat Styremøte ØSF 8. april 2015

lagt inn 15. apr. 2015, 02:30 av Anders Albertson Steinnes   [ oppdatert 15. apr. 2015, 02:35 ]
https://fbcdn-sphotos-b-a.akamaihd.net/hphotos-ak-xap1/v/t1.0-9/11091324_10204397637923180_9041095195960129379_n.jpg?oh=6af022d098c50c6a0d01cfd0b9621c1a&oe=55AAA188&__gda__=1440602333_a572d94ab233adbf8e1c9a16fa570210

Tilstades: Bent, Arne, Atle, Britt, Kari-Anne og Anders

Då begynnar ting å kome på plass før regattastart onsdag 6 mai 2015

Sakser her i frå Britt sitt referat:

Gunderseilasen onsdag 27.05 er lagt inn i terminliste/aktivitetskalender.

Det blir grøn bane i Ørstafjorden og vi bruker eksisterande lister.

Ei lita endring i regattabeskrivinga – vert lagt i Årsbok 2015 som vil bli lagt ut på ØSF si heimeside orstasf.no

Vi vil prøve med ei samling på Ankerstova etter gunderseilasen og gå gjennom dagens situasjonar og prate litt seiltaktikk.

Det vaknar til liv i hamna. Foto: Wenche Solheim

Terminlista/aktivitetskalenderen er klar og er lagt ut på heimesida

Årsbok er nesten i boks, men må ha inn:

  • Oppdatert terminliste/aktivitetskalender.       Atle

  • Oppdaterte regattabestemmelser       Atle

  • Oppdatert medlemsliste m/e-post og telefonnummer        Arne

  • Oppdatert ”ørstaflåte”      Atle

Regattabøyer

blir sett ut i veke 18 – Anders har avtalt med Kjell og Peter.

Medlemskontingent 2015

E-post om medlemskontigent sendt ut i veke 15

Pinsetur til Øye:

  • Kaihuset er tinga til pinseaftan

  • Britt sender ut e-post om turen i god tid før pinse.

  • Bryggene er reparert etter Dagmar – då blir det litt betre plass.

Bøyene i Klungsvågen:

  • Arne sjekkar med Torstein Holsvik om han vil ta ein sjekk på bøyene .

  • Har søkt Sparebank1 om støtte til å vedlikehalde bøyene.

LYS-tal 2015

Litt diskusjon rundt lystal ”gamle” båtar og fastsetting av lystal på nye båtar.

Vi er amatørar og køyrer på det lystalsystemet vi har og set lystal på nye båtar i ØSF tilnærma likt lystal på liknande båtar i foreninga.

Tek heller ei ny runde på lystal i løpet av sommaren. Då kan vi sikkert finne fleire innmålte båtar på nettet til samanlikning med våre.

Det nye systemet NOR-RATING krev at kvar båt har ferskt målebrev for sesongen, men det må vere opp til kvar einskild om ein vil/treng det – med tanke på å delta i regatta utanfor ØSF sitt ”territorium”.


God seilsesong i frå oss i styret 


Comments