Siste nytt‎ > ‎

Pinsetur til Øye

lagt inn 1. jun. 2014, 10:41 av Anders Albertson Steinnes
https://lh3.googleusercontent.com/-sY-tmcq8DTk/UZ3Au5DnG1I/AAAAAAAAb6Q/eJpZ7v6IucA/w1113-h835-no/CDB7D704-4D1C-4188-98E2-80CFB95711EF.JPG
Hei alle seilvener.


6. – 9. juni er det PINSE og tradisjon tru så vert det tur til Øye. 

 

Fyll båten med alle slags godsaker og bli med.

Vi kan ikkje garantere at det vert like flott ver som vi hadde i fjor – men vi satsar naturligvis på det J









(Foto: Pinsetur til Øye 2013)

 

Dette er ein familietur utan regatta, der vi håper både vaksne og born skal kose seg, og opplegget vert omlag slik:

·         Vi legg opp til felles grilling pinseafta og har også i år tinga ”kaihuset”

·         Turgåing på eige initiativ.

·         Sykkeltur til gartneriet på Urke på tomat/agurk handling er å anbefale.

·         Sitte i solskinet i hagen på Hotell Union og nyte ei kald………………

·         Eller kanskje berre slappe av og lese ei god bok.

 

Elles vil vi gi fylgjande råd/info:

-          Øye har ikkje butikk, så det du skal ete og drikke må du ha med sjølv

-          Ørsta Seilforening kjøper inn grillkol og tennveske til fellesgrilling pinseafta.

-          Ta med gode varme kle, vi er mykje ute.

-          Badetøy er lurt å ha, viss du er av det tøffe slaget

-          Det er gode sanitærforhold med dusj og toalett på land.

-          Ta med noko å ”styre” med på land – fotball, badmington, o.l

Vi håper du har lyst å vere med til Øye og ha ei kjekke helg i lag med  gode seilvener.

Comments