Siste nytt‎ > ‎

ØSF - Fellestur til Borgarøya - AVLYST

lagt inn 1. aug. 2018, 00:42 av Anders Albertson Steinnes

Ørsta Seilforening avlyser arrangementet på Borgarøya helga 17-19 august. Ankerfestivalen er flytta

til denne helga og mange av seglarane er sett opp på vaktlister. Sjå Ørsta småbåtlag si heimeside her.

REGATTA laurdag 18.08:

ØSF arrangerer teljande regatta laurdag 18.08 kl 13.00 - startbåt Tor Taftesund.

Dette vert erstatning for regatta som vart avlyst 04.07 og vil difor vere teljande i

samanlagtresultatet for sesongen.

SOSIALT:

Vi oppmodar medlemane i ØSF om må vere sosiale på brygga helga 17-19 august. Fleire

har signalisert at dei vil overnatte i båten frå laurdag til søndag.

Mvh Styret, ØSF

Comments