Siste nytt‎ > ‎Seglarblogg‎ > ‎

Til shetland med Ariel for første gong

lagt inn 2. jun. 2014, 14:10 av Anders Albertson Steinnes   [ oppdatert 2. jun. 2014, 14:18 ]
Torsdag 22. mai kl 15.30 kunne fire spente karar sette av stad ut Ørstafjorden med kurs for Shetland. Det var sett av ei veke, og turen hadde blitt planlagt i lang tid. Treningstur i påska utom Svinøya og MOB-øving i Ørstafjorden var gjennomført, og kvelden før takeoff vart skuta fyllt med utstyr og proviant. Da vi var fire mann, vart det sett opp skiftordning med fire timar på og fire timar av. Dette fungerte, men vart endra på retur til fire-fire på dagtid og seks-seks på natta. Og konklusjonen etter endt tur var at siste skiftordning fungerte best.

Visund Oilfield
Visund Oilfield

Fekk smake på dei gode havbårene
Smaken av havet

Heising av venskapsflagg
Heising av venskapsflagg

https://lh3.googleusercontent.com/-rXgp99_OsH0/U4eaYptjE5I/AAAAAAABOwI/CQS477r2fsw/w958-h719-no/IMG_3756.JPG
I hamn i Lerwick, Shetland

https://lh4.googleusercontent.com/-EI3eJwMpT8o/U4efYqNIlvI/AAAAAAABOyg/4UPwkarGAaY/w958-h539-no/P5250074.JPG
Minnesmerket over dei falne shetlandsfararane under 2. verdskrig



https://lh5.googleusercontent.com/-uaN6_-A-JOg/U4e2krUdNTI/AAAAAAABO6A/O1AZ02s0qUk/w958-h719-no/G0030081.JPG
På heimveg

https://lh4.googleusercontent.com/-xFwe3YBehn4/U4fIpRpBcOI/AAAAAAABO-8/7274C5-W7Og/w958-h539-no/P5270165.JPG
Nok ein plattform i sikte på styrbord

https://lh4.googleusercontent.com/-ojxqDEuPvMY/U4s5LokgIBI/AAAAAAABRVY/c5jSUzOMIB0/w958-h719-no/IMG_0075.PNG
Turen til Shetland

https://lh6.googleusercontent.com/-UtDTwtXH62g/U4s5JXcnGRI/AAAAAAABRVM/7BmZFh23TrY/w958-h719-no/IMG_0074.PNG
Retur til Noreg


Med stadt i bakgrunnen





Med Stad i bakgrunnen

Lite vind i starten av turen gjorde at vi gjekk for motor til midnatt første dag. Da hadde vi kome godt frå land og Stad. Kl 00.20 fredag kunne vi sette fulle segl og slå av maskina. Sørleg vind gjorde at vi fekk eit fint kryss rett mot Lerwick. Overskya vær, men med god sikt. I gryotta spakna desverre vinden att, og maskin måtte til som tilleggskraft. På førehand var det bestemt at vi skulle nytte motorkraft om vi i lengre periodar kom under fire knop. Kl 07.00 kunne vi atter segle for fullt att. Og no hadde vi også mista telefonkontakta med Noreg - noko som verkeleg gav følelsen av å være fri på havet. Ved norskerenna opplevde vi mykje staumsjø - noko som gjorde det vanskeleg å halde oppe farta for kun segl. 

Eit par grader helling i rom sjø....

Seinare, i 10-tida, drog det på med 10-12 sekundmeter med fortsatt sørleg vind. Da vart det skikkeleg fart på skuta.  I 12- tida, etter vel 20 timar på tur, passerte vi oljeplattforma Visund, som er arbeidsplassen til ein nær nabo av underteikna. 

Statfjord B
Statfjord B

Fem timar seinare passerte vi også Statfjord B på styrbordside. Det er jammen nokre store installasjonar vi har der ute på havet. Om kvelden fredag kunne vi igjen få rein seglas, og då var også alle platformane passert på ruta vår.
Tidleg om morgonen laurdag var det tjukna til med litt tåke, noko som gjorde at sikta var nede i 3-4 nm. Dette gjorde at vi var kome ganske så nær Shetland før vi endeleg fekk landkjenning i 08- tida. Kl 11.00 (10.00 lokal tid) var vi fortøyde i Lerwick hamn. Eit stort og rørande øyeblikk for både skipper og mannskap. Første etappe av denne turen, som vi hadde planlagt så lenge, var gjennomført. Så var det tid for ankerdram, oppsummering, fish & chips og soving. Mykje soving. 

Det er viktig for ein skikkeleg seglas å ha med seg ein god kokk. Og det hadde vi, både under turen med heimelaga vakumerte kjøtkakemiddagar, og til laurdagsmiddag i Lerwick med førsteklasses slaktarhandla biff med mykje snadder og vin attåt.

https://lh6.googleusercontent.com/-mpiOXtlbB6M/U4ebVRdnxUI/AAAAAAABSFY/G5KwTrwMmfo/w958-h719-no/IMG_3769.JPG
Nydeleg servert biffmiddag frå skipskokken ombord i Ariel

Søndag morgon var det tid for å ordne seg med leigebil. Tur til Scalloway rett vest av Lerwick, der Shetlandslarsen museet ligg, og så sydover til sydspissen. Heilt til endes, der Sumburgh Head Lighthouse ligg. Spektakulær utsikt og rikt fugleliv. Deretter ein tur innom Jarlshof Prehistoric and Norse Settlement - utgravningar frå bla vikingtida, før vi på heimvegen reiste litt nordvestover til Rerwick Bay. Der kunne vi sitte i graset på klippa og nyte utsikta og synet av sel på stranda. Tilbake i Lerwick vart det tid til byliv, indisk takeaway og pub besøk før natta var der.

Mandag morgon var det tid for shopping, nedhenting av ferske værvarsel og dieselfylling før takeoff. Prisen for diesel er omlag den samme der som i Noreg. Forskjellen er at du må oppgje kor mykje som skal gå til motor og kor mykje som skal gå til varme, grunna små avgiftsforskjellar.

Kl 15.30 (14.30 lokaltid) var vi klare til å legge i veg heimover. Vinden hadde snudd og kom frå aust, noko som gjorde at vi valde ein meir nordleg rute heimover. Vinden bestemte retninga, og dei første ti timane var det berre å låse roret og trimme segla - skuta heldt stø kurs av seg sjølv. Og med vakker solnedgong frå klår himmel, vart dette ein knallstart på heimturen. Loggboka fortel at vi kl 23.00 norsk tid ikkje lenger såg land, og 25 minutter seinare passerte vi nullmeridianen. Ut på natta endra vinden til litt meir nordaustleg retning, og spakna litt. Kl 05.30 vart det ein fantastisk soloppgong, der vi også fekk sjå spekkhoggarar passere på litt avstand. 

https://lh3.googleusercontent.com/-SM_MkBLHYt4/U4fWnrizWyI/AAAAAAABPEY/2nJRAXgWgdw/w958-h539-no/P5280203.JPG
Nydeleg soloppgong

Eit par slag vart foretatt i løpet av tysdagen, for å bygge høgde. Med god seglvind, vart det på heimveg kun nytta motor i tilsaman 9 timar, mot 30 timar på turen til Shetland. Nokre ekstra sjømil og timar vart det jo, men ein kjempeflott seglas heim var det. Ruta på tur til shetland var planlagt i detalj, medan vi på heimveg kun segla etter vindforholda.Vindstyrken heim heldt seg stabilt på 7-9 ms frå NØ heile tysdagen, og om kvelden vart vi vitne til nok ein flott solnedgong i havet.

Kl 01.23 onsdag morgon hadde vi på ny landkjenning - Noreg. Etter å ha opplevd ein kjempeflott soloppgong langt utanfor norskekysten, byrja vinden så smått å spakne. Litt over kl 07.00 måtte vi atter starte maskina for å greie å passere Stad. Det var blikkstilt hav og sol frå heilt klår himmel då vi passerte Bukketjuvane, men så fekk vi vind frå Sørvest dei siste mila mot målet - Sandshamn på Sandsøya. Eit par kjenningar heimanfrå kom oss i møte med båt på utsida av øya, og fulgte oss trygt i hamn. Det var jo ekstra svært å bli mottatt på denne måten. Fortøyd kl 14.26, etter 47 timar på havet.

https://lh4.googleusercontent.com/-6jg_fc8F-i8/U4fXUyuTsuI/AAAAAAABPE4/oxZG8uXAs3Q/w958-h539-no/P5280212.JPG
Speilblangt hav ved Stad

På Sandshamn vart det på ny tid for ein skål, før vi sette i gong med spyling og vask samt lufting av puter og sengkle. Også rekkenettet vart skifta, noko som skipperen sette vært pris på.

Torsdag morgon starta vi på siste legget heim til Ørsta. I nydeleg sol og mest vindstille. Ein flott avsluttning på ein flott tur. Det vert nok ikkje siste gongen underteikna set baugen mot det opne hav. Skuta, som også var førstereis på havet, klarte seg godt. Og ikkje minst mannskapet.

Underteikna vil med dette rette ein stor takk til alle som har hjelpt oss å gjennomføre denne turen. Både med utlån av redningsflåte og grabbag, lån av satelittracker - slik at vener og familie kunne fylgje oss, og anna utstyr som trengtes for at sikkerheita skulle være ivaretatt om noko skulle skje.

Og ikkje minst må ein stor takk rettast mot eit strålande godt mannskap, som gjorde det lett å være skipper på turen:

https://lh6.googleusercontent.com/-OcU0inDOL6M/U4fYzp5Gc2I/AAAAAAABPF4/P-6AIQt_y5s/w958-h539-no/P5280224.JPG
Robert, Hans, Anders og Torgeir

Styrmann og maskinist - Robert Steinnes
Stuert og reiseleiar - Torgeir Steinnes
Kokk, navigatør - Hans Førde

Med helsing
Skipper på Ariel
Anders A. Steinnes
Comments