S/Y Emma på jordomsegling - 3. januar 2015 (Facebook)

Post date: 09.jan.2015 09:31:55

Vi ligg 140 nautiske mil vest for kysten av Afrika, fire døgn nord for øygruppa Kapp Verde. Vi er om lag halvvegs frå Kanariøyane. Vinden har vore stabil på dagtid, men roar seg ofte når sola går ned. Segla blafrar og farta sekk ned til eit par knop. Då startar vi motoren for å få framdrift og lade batteria. Vi har gått vel tre timar for motor denne tysdagskvelden, då vi med eitt høyrer høge bankelydar frå motorromet. "Brrrrrrrrrrrrrrrrr-BOM! Bam-bam-BAM!". Eg byksar opp i cockpiten i to lange steg, riv girspaken i fri og skal til å gripe etter tenningslåsen. Innan handa når nøkkelen, har volvoen allereie stoppa. "Faen, om han skar seg no, betyr det slutten på turen", seier eg oppgitt. Eg ser føre meg ein omfattande motorreparasjon på Kapp Verde som tek livet av reisekassa.Det er mørkt ute, og ein del bølgjer. Det er med eitt heilt stilt. I mangel på framdrift, voggar båten kraftig frå side til side. No er gode råd dyre. Vi rullar ut genoaen og får litt styrefart. Men roret lystrar dårleg. Det er noko som held det att. I lyset frå lyskastaren på targabøylen, ser vi at vi har fått eit langt, grønt "brudeslør" hengande etter oss. Ein gamal trålpose har gått rett i propellen og pressar no på roret.

Det er ingen andre skip rundt oss. I alle fall ingen redningsskøyter. Frå Gran Canaria har vi berre sett eit par lasteskip passere i det fjerne. Dette problemet må vi få ordna på eiga hand. Her ute kan ingen hjelpe oss, med mindre vi er i livsfare og må evakuere båten.

Å dykke under båten er uaktuelt. Vi må vente til dagslyset kjem for å sjå kva som har skjedd. Ti lange timar med handstyring og eit ror som stort sett berre vil gå ein veg. Vi er i ein situasjon vi skulle ønske vi aldri hadde vore i.

Når sola omsider kryp over horisonten, festar vi det vasstette GoPro-kameraet på båtshaka og stikk det ned i sjøen. Då får vi sjå at ein trålpose på storleik med eit fotballmål heng i propellen og trykkjer på sida av roret. Ikkje rart vi berre heldt tre knop i natt! Vi har fått verdas største drivanker på slep. Men korleis får ein laus noko slikt? Å dykke inn under ein ti tonn tung seglbåt i 1,5 meter høge bølgjer ute på havet er livsfarleg. Får ein båten i hovudet medan ein arbeider med propellen, er det slutt. Denne tjukke nylon-floka er uansett uråd å skjere laus med ein vanleg kniv. Skal vi karre oss sørover i fem-seks døgn med handstyring, og få hjelp av kystvakta på Kapp Verde? Det ser ut til å vere einaste løysinga no.

På videoen ser vi at trålposen heng på styrbord side av roret. Kanskje kan vi drage enden opp på sida av båten og frigjere roret, og dermed få autopilot? Det vil hjelpe oss mykje. Eg kastar ein liten dregg ned på enden av posen og halar han opp langs sida. Han er tung som juling og luktar sterkt av fisk. Med halve posen oppe på dollbord, tek vi ein ny inspeksjon under vatn. Resten av posen har på mirakuløst vis losna frå propellen og flyt no fritt under båten! Truleg har materialet vore så tjukt og seigt at propellen stogga momentant før han rakk å vikle posen rundt akslingen. Så har posen berre vorte hengande på slep i propellvengjane. Oddsa for at posen skulle losne så lett, var truleg enno større enn at vi traff på han i utgangspunktet. Vi halar resten av posen opp og sikrar han. Han fyller halve cockpiten.

Spent vrir eg på tenninga. Motoren startar opp og går som ei klokke. Eg sett giret i forover. "Klakk". Båten byrjar sige i rett retning. Autopiloten koplar også inn. Alt det mekaniske er i orden. Vi slapp med skrekken, denne gongen.

Vi tok posen med som dekkslast til Kapp Verde. Vi ønskjer ingen andre å få slikt drivgods i propellen.

Henta frå facebook "S/Y Emma på jordomsegling" AAS