Siste nytt‎ > ‎Seglarblogg‎ > ‎

Med Ariel på hausttur - til Molde

lagt inn 11. okt. 2012, 10:24 av Anders Albertson Steinnes   [ oppdatert 11. okt. 2012, 10:45 ]
Alnes bada i morgonsol                                                                                        Passering av Ålesund

Å reise på båttur i haustferien har så absolutt blitt ein tradisjon for mannskapet ombord i Ariel. Så medan nokre pakkar ut av båten, pakka vi inn. Og målet for årets hausttur var Molde. Fredag 5. oktober kl 18.05 tok vi laust frå Ørstahamna. Opplett og solgløtt med 10.6 grader i lufta. Etter ein liten stopp på Raudøya, for å seie hei til folket ombord i «Elin», suste vi nordover Vartdalsfjorden for motor og genoa. Medvind og medstraum gjorde at vi heldt ein snittfart på 7 knopp heilt til Alnes. Etter å ha runda Hjørungneset, var det fyret på Godøya som var vår rettesnor. Det var god sikt, på tross av haustmørket. Dreide av ved Godøya mot Furkenholmen fyr, før det flotte fyret på Alnes kom til syne. Fortøyd kl 22.10 som einaste gjestebåt. Morgonen etter, laurdag, kl 08.55 bar det vidare nordover. Vind frå SV gjorde turen mot Molde til ein draum. Solgløtt og nydelege haustfargar. Leia gjennom Lepsøyrevet har blitt ferdig utbetra, med det til følge at vi hadde over 8 knops fart gjennom revet, grunna medstraum i den no ca 12 meter djupe renna. Framme i Molde kl 14.50 med god plass på Reknes gjestehamn. 

Molde i sikte                                                                Haustlektyre - Jomfruturen av Tania Aebi

Mannskapet forsvant på land i ein fart for shopping og byliv, medan skipper kosa seg med ein god bok av Tania Aebi - «Jomfruturen» - ei jente på knappe 18 år som legg ut på jordomsegling åleine. Før skumringa sette inn, kasta vi loss att og sette kursen over til Hjertøya. Der ligg bla. seglarhytta til Molde Seilforening, med dertil flott gjestebrygge forbeholdt seglbåtar. Og med haustmørket som senka seg vart det eit flott skue å sitte på brygga med utsikt over til den opplyste Molde by. 

Seilerhytta til Molde Seilforening
Molde by night                                                                        Seilerhytta til Molde Seilforening

I løpet av natta byrja det å blåse opp, og etterkvart kom det også kraftige regnbygar. Ved avgong kl 11.20 neste morgon, kunne vi måle over 10 m/s frå SV, og bygevær som gjorde sikta over til Molde dårleg. Men med gode instruksar til alt mannskap, gjekk det fint å ta seg over att til Molde. Ariel fekk 15 grader slagside på berre rigg under overfarten – som vart ein våt men spennande fornøyelse. Men for skipper er det i slikt vær at han verkeleg føler seg levande. 

I liten kuling frå Hjertøya til Molde                                                                            Morgonstemning frå Molde

Etter å ha fortøyd båten godt for kulingen som var i anmarsj, var det dags for å bli litt meir våt – turen gjekk til Moldebadet. Og med regnet høljande ned og vinden piskande på rutene kunne ein der nyte eit spabad med 35 grader i vatnet. Livet er fullt i kontrastar. Seinare på kvelden skulle vi på restaurant, og måtte gå i motstraum gjennom hundrevis av blåkledde moldensarar. Må seie dei har ein litt einspora smak når det gjeld fargar i Molde.
Om morgonen – kl 05.00 natt til mandag, hadde regnværet gitt seg litt, og vinden avtatt i styrke. Fortsatt var det vind frå sørvest, med ein hastigheit på rundt 5-6 m/s. Og dette stemte med meldingane som var gjevne – det skulle løye litt frå mandag. Etter enno litt shopping var vi klare for tur heimover i 14.30-tida. Mykje regn i starten - men det løya etter kvart. Etter at vi hadde passert Julsundet vart vi overraska av ein stor flokk grindkval som kom imot oss. Eit spektakulært syn, som vi desverre ikkje fekk fotografert. Har derfor lånt eit frå smp.no.
 
Møte med grindkval. Foto frå smp.no                                                Merkinga på Lepsøyrevet. Henta frå kystverket.no

Etter ein avstikkar til Midsund for å fylle diesel, var vi klare for å fortsette over Lepsøyrevet i mørket. Vinden hadde stilna av, men samtidig hadde temperaturen krøpe ned under fem plussgrader. Fire blinkande lys på kvar side gjorde turen over revet til ein avslappande og trygg tur. Men det er alltid med varsemd at skipper Anders går med båt på natta. Mellom Lepsøyrevet og Valderøya ligg grunna Hanen, og denne vekkjer alltid minner når den vert passert. No er der eit grønt markeringslys der, men slik har det ikkje alltid vært. På byrjinga av 90-talet gjekk eg over skulle eg passere her med min første seglbåt. Grunna manglande lys på Oksebåsen fyr ved Valderøya, kom eg litt ut av kurs og hamna på dette skjæret. Det gjekk bra til slutt, til tross for iherdig lensing med to pumper og vassbøtte. Men som ordtaket seier - Enten har ein gått på grunn, eller så kjem ein til å gjere det.

Takeoff Ålesund bada i morgonsol                                                                      Eltraneset og Breisundet i baugen               

I Brosundet kunne vi fortøye i 22-tida til stjerneklar himmel. Temperaturen skulle synke ned til under fire plussgrader i løpet av natta, men det var visst ikkje noko å skryte av når vi snakka med folk inne i Ørsta. Der hadde den vore under null. Morgonen etter fekk vi blå himmel så langt augene kunne sjå, og siste legg heimatt til Ørsta vart ein nytelse for den som var ute på dekk. Dermed var nok ein hausttur unnagjort, og båtlivet byrjar å nærme seg slutten for i år. Men ein skal aldri sei aldri, plutseleg har vi tatt laust att.

Anders A. Steinnes 
med mannskap
Oktober 2012
Comments