Siste nytt‎ > ‎Seglarblogg‎ > ‎

Havtrening med to tøffe jenter

lagt inn 18. apr. 2016, 23:40 av Anders Albertson Steinnes   [ oppdatert 19. apr. 2016, 08:04 ]
Mange drøymer om ein langtur på havet. Det gjeld også underteikna. Men ikkje så mange tar steget til å gjennomføre det. Enda færre jenter. Men i helga har eg nettopp fått gledene av å få være skipper for to som no set draumen ut i verklegheit. To tøffe jenter. Dei har kjøpt seg ein HR312, og byrjar å bli klare for takeoff.

Treningsturen vår med "Ariel" starta fredag 15. april med transportetappe til Kvamsøya. I fin kveldssol gjekk vi opp på toppen av øya, for å kunne besiktige havet og Svinøya i det fjerne.
Laurdag morgon kl 08 var vi klare for takeoff. Sørvestleg vind med styrke 10-12 var meldt og stort sett opplett. Etter å ha passert Haugsholmen på nordsida, kunne vi sette segl og slå av maskina. Tung sjø og litt ustadig vind grunna Stadtlandet gjorde at det gjekk noko trått første timane. Men sakte men sikkert jobba Ariel seg utover, ut mot det opne havet, ut mot Svinøya. Etterkvart som land fekk avstand, vart også vinden meir stabil. Etter å ha passert Svinøya på vestsida, nådde vinden sin meldte styrke. Legget frå Svinøya til Runde gjekk dermed i 7-7,5 knop. Dønningaen var rundt 3 meter med ein maks opp mot 6. I solskin vart dette ein svært flott og sterk oppleving. At styrmann Gryt takla båten og roret så bra, utan nokon erfaring av dette slaget frå før, gjorde turen for skipper svært enkel.
Ein liten sving oppom Rundebranden på Runde, med havsuler og lundefugl rundt oss på alle kantar, gjorde turen fullkomen. Etter å ha passert Rundebrua, vart det motorsegling inn til Ulsteinvik og deretter overnatting på den flotte Borgarøya. 35 nm og 6,5 timar med havtrening kan no førast i turloggen.

http://tinyurl.com/z5m8w9v                                                    http://www.fjernefarvann.no/blog/2016/4/18/havet-og-matrosen

Les matros Gryt si oppleving av turen ved å trykke på logoen til Fjerne farvann.










Ruta vi tok.


 Eg vil rette ein stor takk til Emilie og Elise som hadde tiltru til meg som skipper. Det var ein fornøyelse å ha dykk med på tur. Lykke til med turen dykkar i starten av juni med "Paloma". Gler meg til å fylgje Fjerne farvann på tur.

https://lh3.googleusercontent.com/PeO0D0Ne1Y6f5Jx4dSRN1LZ4l2hQAIxtRpNdsqvQp6AP01okaSdvw8vjQqmLrwOx2wtnSH0WfNSIDce48_tSjtRZYBgmnkICqpnYQzOXEz-3KJ7mVzOqGU0XXSp4rpY8pyQc9WwSHp9c4defzYR3vjrfyxRw6Dqb6JYgYg2sOHBhqzLE5iaBbFraBSWJ5kULLOpWqj69iy0X1iILnQWg0mD5LqjEdVxotD4YtuJ9WB815tund5F3QRmijBJEA-5uV15dXAr02B9VYK8pMhFdFIq-rqE2di0MmoSpvtCN9_hj5po5_dWgttQH30CleXAuA6L0902SscfEsFfBRT2hiz2u_0ODQqYt9UqunZgbdU2Q3Q-zFkfDIAEmu2nOFJ7FVonrrgtnQNVCea5WcQ2RfdNKpNR6esUazgm5tHPEsvJXvNv9B9vEaZMlQ4IXL2MZxw48WKeXRe8rTJd1Uou3L8Qp6rr7WuR5wU0u6t9GZ7eLs36go5I6DUuS3DB5IqP31do2tgGTYlecPon3O1ingphQcqQO66kJpc2GFG2Kf6vPszeTmcK4gkuEVFQR7YdezWQD_Q=w1065-h599-no


Anders
Skipper på "Ariel"  

    Videosnutt basert på mobilopptak frå turen (Film: Anders A. Steinnes)


Comments