Siste nytt‎ > ‎

Seglarblogg

Her har du som medlem ein moglegheit til å dele ein seglarhistorie med andre. Regatta, ferietur, eller feks. ein heilt enkelt ekspedisjon til Volda. Du kan logge deg inn sjølv (må ha din epost registrert i ØSF tilknytt ein google-konto), eller sende tekst og bilete til admin (orstasf@gmail.com). Ein kan også nytte facebook-sida til seglforeninga til å dele bilete/historie med andre. Om du har fått tilgong, er det berre å trykke på Nytt innlegg og skrive i veg. Ein kan velge å lagre utkast eller lagre (legge det ut). Håpar fleire og fleire vil dele noko med andre. Om du har problem, kan du også ta kontakt med Anders (47620541) for å få hjelp.

Pinsetur til Øye 02. - 05. juni 2017

lagt inn 1. jun. 2017, 01:05 av Anders Albertson Steinnes

https://lh3.googleusercontent.com/tbWV7M4v3dRmjJThm-b4a8YYBhobpMbCqNr3Fe6H1Z1mL_S2-r-y9Il-FC5tM2cI-a1QR1Zdp_q2xQn7570PIUuOQisTKs9Hgc0dtS3_z8nNMAJGOFl1GldKYYUeU-aE2FhwWZLc1IJiVVYlRc9LQf_hUBntnMiH51XE3XrU0HLMsMsFgcpipjkLPzwJ1eGffXiqB7dQ0rc9D4YX8HIE-mDxmqzYF6835f5HGuTimZMopca3x1DYw6oMvGK3SZfIqUMQtCaYUiWgVI7hazHscI27MBScLTyh5gzPmHu-N0dxw-f5PB7N5Tyg87WElsW4zhPzzTwmOSIg2efTAdnk5tsb1t5JfAsglBMNE7eIK3jlqd-ioMNAyr3SjtJDvCPy1a8JIKiZX5WwIKey0sXmfgUKVc4OV2_cphggogT3N4hykxKN3IcO-VaZbY7Lse8s2Zxwu7Rq8fYpSR_Zf4bux4p9UdUeuEkEAn_cZ__1k-sy4oBdyHuwtd_cW8V_weCtFpUAILER3Lx8zqcKw6kGN9o9gSSCTYXf-l1Bj_zBitunGl-DP66_Wsdx5Z_L06zleeBU3P4ykCIJ_yKWtc_1LHup3YxiWvs62AI8qrlBaDOFGmNyPnLfCw=w1379-h776-no

Foto: Anders A. Steinnes (2016)

Hei alle seilvener.

Helga 02. – 05. juni er det PINSE og tradisjon tru så reiser vi i ØSF på tur til Øye. 

Fyll båten med alle slags godsaker og bli med.

Dette er ein familietur utan regatta, der både vaksne, ungdomar og born skal kose seg, og opplegget vert omlag slik:

·         Vi legg opp til felles grilling pinseafta og har også i år tinga ”kaihuset”

·         Turgåing.........muligens vi får til ein tur til Bentebu/Saksa.  

·         Har du sykkel, er det fint å sykle til Urke og kjøpe tomat.

·         Sitte i solskinet i hagen på Hotell Union og nyte ei kald………………

·         Eller kanskje berre slappe av og lese ei god bok.

Elles vil vi gi fylgjande råd/info:

-          Øye har ikkje butikk, så det du skal ete og drikke må du ha med sjølv

-          Ørsta Seilforening kjøper inn grillkol og tennveske til fellesgrilling pinseafta.

-          Satsar på finever – men ta med gode varme kle, vi er mykje ute.

-          Badetøy er lurt å ha, viss du er av det tøffe slaget

-          Det er gode sanitærforhold med dusj og toalett på land.

-          Ta med noko å ”styre” med på land – fotball, badmington, o.l

Vi håper du har lyst å vere med til Øye og ha ei kjekke helg i lag med  gode seilvener.

Ørsta Seilforening  cid:image006.png@01CC2167.78019720

Britt J

Havtrening med to tøffe jenter

lagt inn 18. apr. 2016, 23:40 av Anders Albertson Steinnes   [ oppdatert 19. apr. 2016, 08:04 ]

Mange drøymer om ein langtur på havet. Det gjeld også underteikna. Men ikkje så mange tar steget til å gjennomføre det. Enda færre jenter. Men i helga har eg nettopp fått gledene av å få være skipper for to som no set draumen ut i verklegheit. To tøffe jenter. Dei har kjøpt seg ein HR312, og byrjar å bli klare for takeoff.

Treningsturen vår med "Ariel" starta fredag 15. april med transportetappe til Kvamsøya. I fin kveldssol gjekk vi opp på toppen av øya, for å kunne besiktige havet og Svinøya i det fjerne.
Laurdag morgon kl 08 var vi klare for takeoff. Sørvestleg vind med styrke 10-12 var meldt og stort sett opplett. Etter å ha passert Haugsholmen på nordsida, kunne vi sette segl og slå av maskina. Tung sjø og litt ustadig vind grunna Stadtlandet gjorde at det gjekk noko trått første timane. Men sakte men sikkert jobba Ariel seg utover, ut mot det opne havet, ut mot Svinøya. Etterkvart som land fekk avstand, vart også vinden meir stabil. Etter å ha passert Svinøya på vestsida, nådde vinden sin meldte styrke. Legget frå Svinøya til Runde gjekk dermed i 7-7,5 knop. Dønningaen var rundt 3 meter med ein maks opp mot 6. I solskin vart dette ein svært flott og sterk oppleving. At styrmann Gryt takla båten og roret så bra, utan nokon erfaring av dette slaget frå før, gjorde turen for skipper svært enkel.
Ein liten sving oppom Rundebranden på Runde, med havsuler og lundefugl rundt oss på alle kantar, gjorde turen fullkomen. Etter å ha passert Rundebrua, vart det motorsegling inn til Ulsteinvik og deretter overnatting på den flotte Borgarøya. 35 nm og 6,5 timar med havtrening kan no førast i turloggen.

http://tinyurl.com/z5m8w9v                                                    http://www.fjernefarvann.no/blog/2016/4/18/havet-og-matrosen

Les matros Gryt si oppleving av turen ved å trykke på logoen til Fjerne farvann.










Ruta vi tok.


 Eg vil rette ein stor takk til Emilie og Elise som hadde tiltru til meg som skipper. Det var ein fornøyelse å ha dykk med på tur. Lykke til med turen dykkar i starten av juni med "Paloma". Gler meg til å fylgje Fjerne farvann på tur.

https://lh3.googleusercontent.com/PeO0D0Ne1Y6f5Jx4dSRN1LZ4l2hQAIxtRpNdsqvQp6AP01okaSdvw8vjQqmLrwOx2wtnSH0WfNSIDce48_tSjtRZYBgmnkICqpnYQzOXEz-3KJ7mVzOqGU0XXSp4rpY8pyQc9WwSHp9c4defzYR3vjrfyxRw6Dqb6JYgYg2sOHBhqzLE5iaBbFraBSWJ5kULLOpWqj69iy0X1iILnQWg0mD5LqjEdVxotD4YtuJ9WB815tund5F3QRmijBJEA-5uV15dXAr02B9VYK8pMhFdFIq-rqE2di0MmoSpvtCN9_hj5po5_dWgttQH30CleXAuA6L0902SscfEsFfBRT2hiz2u_0ODQqYt9UqunZgbdU2Q3Q-zFkfDIAEmu2nOFJ7FVonrrgtnQNVCea5WcQ2RfdNKpNR6esUazgm5tHPEsvJXvNv9B9vEaZMlQ4IXL2MZxw48WKeXRe8rTJd1Uou3L8Qp6rr7WuR5wU0u6t9GZ7eLs36go5I6DUuS3DB5IqP31do2tgGTYlecPon3O1ingphQcqQO66kJpc2GFG2Kf6vPszeTmcK4gkuEVFQR7YdezWQD_Q=w1065-h599-no


Anders
Skipper på "Ariel"  

    Videosnutt basert på mobilopptak frå turen (Film: Anders A. Steinnes)


Klungsvågregattaen 2015

lagt inn 17. aug. 2015, 13:30 av Anders Albertson Steinnes

https://lh3.googleusercontent.com/mTKK682nPAuNcqJQZSWeBw7yfjLi3B-1Nt85t4bVWUU5=w1280-h720-no
Under årets Klungsvågregatta var det seks båtar til start. 6ms vind i Voldafjorden, før den forsvant heilt. Berre ein båt fullførte under makstida - på avkorta bane ved Laustad. Gratulere til Sivert Vågen med siger. Etterpå var det sosialt lag i Klungsvågen, med grilling, bål og premiering. Også her var det seks båtar som deltok, og som overnatta til søndag. Dei som deltok på regattaen var:

Bent Nilsen - Anne-Lise - DNF
Atle Bjerkvik - Memora Bell - DNF
Torbjørn Gjøsdal - Sirena - DNF
Sivert Vågen - 1. plass
Per Terje Haugen - Festina Lente - DNF
Alf Rune Ose - Wind Eagle - DNF
Foto: Kari-Anne Ervik


https://lh3.googleusercontent.com/P9vJum9RsYTz84pkQqokaf5593MkNih8E3Kgq2So_hLd=w1280-h720-no                                           https://lh3.googleusercontent.com/VfVOPY5vgjgq1p1JzFEKshmZJPkyPcCFkBQDdYoqUb0Q=w1280-h720-no
Foto: Kari-Anne Ervik                                                                                                                                                    Foto: Kari-Anne Ervik


https://lh3.googleusercontent.com/I_pGTEwO-6ZaPOpCsk_VYHKeWw21tmDgEkdPC6PFKZoL=w1280-h359-no










På tur med S/Y Fant - 25. april 2015

lagt inn 26. apr. 2015, 05:53 av Anders Albertson Steinnes

http://fant1.bloggnorge.com/2015/04/25/vi-gjekk-ut-fra-la-rochelle-i-dag-og-har-segla-i-godt-veir-til-les-sables-de-olonne-fra-biarritz-bayonne-til-la-rochelle-brukte-vi-3-dagar-i-godt-veir-med-vinden-med-oss-distansen-er-ca-200-nm-i-ei/
Vi gjekk ut frå La Rochelle i dag og har segla i godt veir til Les Sables de Olonne. Frå Biarritz-Bayonne til La Rochelle brukte vi 3 dagar i godt veir, med vinden med oss. Distansen er ca 200 NM i eit område som vert brukt av forsvaret til skyting frå landbatteri og ut i havet. Vi måtte derfor sjekke om det var skyteaktivitet i området før me segla vidare neste dag. Dagsetappar på 10 timar gjekk greit, men det var godt å kome i havn på kvelden då vi var på same kursen heile dagen. Området er lang-grundt og for å unngå drag segla vi stort sett i ein avstand på 7 NM frå land. Arcachon var ein fin plass. Spesiell innsegling der vi måtte kome på rett tid i høve flod/fjøre. Godt merka leid, men mykje svell før vi kom inn. Nydeleg område ,masse båtar ute i det fine veiret. Typisk ferie/badeby med flotte strender. Båten vart nesten gul desse dagane. Tenkte først det var sand,men det var pollen i lufta som la seg som eit teppe. La Rochelle er ein fantastisk flott by der marinaen har plass til 5000 båtar. Gåavstand inn til gamlebyen. Kjempefin by med flotte bygningar, koselige gater og restauranter.:-) Vidare mot Brest har vi eit flott område å segle i der vi kan velge mellom øyar ute i havet eller fastlandet. I dette området må vi planlegge dagsetappane ut frå tidevatnet og tidspunkt vi går ut og inn av marinaen.


S/Y Emma på jordomsegling - 3. januar 2015 (Facebook)

lagt inn 9. jan. 2015, 01:31 av Anders Albertson Steinnes

Vi ligg 140 nautiske mil vest for kysten av Afrika, fire døgn nord for øygruppa Kapp Verde. Vi er om lag halvvegs frå Kanariøyane. Vinden har vore stabil på dagtid, men roar seg ofte når sola går ned. Segla blafrar og farta sekk ned til eit par knop. Då startar vi motoren for å få framdrift og lade batteria. Vi har gått vel tre timar for motor denne tysdagskvelden, då vi med eitt høyrer høge bankelydar frå motorromet. "Brrrrrrrrrrrrrrrrr-BOM! Bam-bam-BAM!". Eg byksar opp i cockpiten i to lange steg, riv girspaken i fri og skal til å gripe etter tenningslåsen. Innan handa når nøkkelen, har volvoen allereie stoppa. "Faen, om han skar seg no, betyr det slutten på turen", seier eg oppgitt. Eg ser føre meg ein omfattande motorreparasjon på Kapp Verde som tek livet av reisekassa.

Det er mørkt ute, og ein del bølgjer. Det er med eitt heilt stilt. I mangel på framdrift, voggar båten kraftig frå side til side. No er gode råd dyre. Vi rullar ut genoaen og får litt styrefart. Men roret lystrar dårleg. Det er noko som held det att. I lyset frå lyskastaren på targabøylen, ser vi at vi har fått eit langt, grønt "brudeslør" hengande etter oss. Ein gamal trålpose har gått rett i propellen og pressar no på roret.


Det er ingen andre skip rundt oss. I alle fall ingen redningsskøyter. Frå Gran Canaria har vi berre sett eit par lasteskip passere i det fjerne. Dette problemet må vi få ordna på eiga hand. Her ute kan ingen hjelpe oss, med mindre vi er i livsfare og må evakuere båten.

Å dykke under båten er uaktuelt. Vi må vente til dagslyset kjem for å sjå kva som har skjedd. Ti lange timar med handstyring og eit ror som stort sett berre vil gå ein veg. Vi er i ein situasjon vi skulle ønske vi aldri hadde vore i.

Når sola omsider kryp over horisonten, festar vi det vasstette GoPro-kameraet på båtshaka og stikk det ned i sjøen. Då får vi sjå at ein trålpose på storleik med eit fotballmål heng i propellen og trykkjer på sida av roret. Ikkje rart vi berre heldt tre knop i natt! Vi har fått verdas største drivanker på slep. Men korleis får ein laus noko slikt? Å dykke inn under ein ti tonn tung seglbåt i 1,5 meter høge bølgjer ute på havet er livsfarleg. Får ein båten i hovudet medan ein arbeider med propellen, er det slutt. Denne tjukke nylon-floka er uansett uråd å skjere laus med ein vanleg kniv. Skal vi karre oss sørover i fem-seks døgn med handstyring, og få hjelp av kystvakta på Kapp Verde? Det ser ut til å vere einaste løysinga no.


På videoen ser vi at trålposen heng på styrbord side av roret. Kanskje kan vi drage enden opp på sida av båten og frigjere roret, og dermed få autopilot? Det vil hjelpe oss mykje. Eg kastar ein liten dregg ned på enden av posen og halar han opp langs sida. Han er tung som juling og luktar sterkt av fisk. Med halve posen oppe på dollbord, tek vi ein ny inspeksjon under vatn. Resten av posen har på mirakuløst vis losna frå propellen og flyt no fritt under båten! Truleg har materialet vore så tjukt og seigt at propellen stogga momentant før han rakk å vikle posen rundt akslingen. Så har posen berre vorte hengande på slep i propellvengjane. Oddsa for at posen skulle losne så lett, var truleg enno større enn at vi traff på han i utgangspunktet. Vi halar resten av posen opp og sikrar han. Han fyller halve cockpiten.

Spent vrir eg på tenninga. Motoren startar opp og går som ei klokke. Eg sett giret i forover. "Klakk". Båten byrjar sige i rett retning. Autopiloten koplar også inn. Alt det mekaniske er i orden. Vi slapp med skrekken, denne gongen.

Vi tok posen med som dekkslast til Kapp Verde. Vi ønskjer ingen andre å få slikt drivgods i propellen.


 

Henta frå facebook "S/Y Emma på jordomsegling" AAS

Endring av tidtabell på Gunderseglasen 27/8-14

lagt inn 27. aug. 2014, 12:29 av Oddvar Marøy

Mannskapet ombord i Frida meinte vi burde legge inn protest for endring av tidtabell etter at startprosedyre var på begynt.
Frida oppdaga at ny tidtabell var valgt når båtar med same starttid gjekk over startstreken og vi hadde 5-6 min igjen til startlina. 
Gunderseglas er likevel den desidert artigaste konkuranseforma, og vi burde prøve dette også inne i Ørstafjorden.
Bortsett frå at vi miste iallefall 5 min ved starten, så var det ein flott seglkveld.

Til shetland med Ariel for første gong

lagt inn 2. jun. 2014, 14:10 av Anders Albertson Steinnes   [ oppdatert 2. jun. 2014, 14:18 ]

Torsdag 22. mai kl 15.30 kunne fire spente karar sette av stad ut Ørstafjorden med kurs for Shetland. Det var sett av ei veke, og turen hadde blitt planlagt i lang tid. Treningstur i påska utom Svinøya og MOB-øving i Ørstafjorden var gjennomført, og kvelden før takeoff vart skuta fyllt med utstyr og proviant. Da vi var fire mann, vart det sett opp skiftordning med fire timar på og fire timar av. Dette fungerte, men vart endra på retur til fire-fire på dagtid og seks-seks på natta. Og konklusjonen etter endt tur var at siste skiftordning fungerte best.

Visund Oilfield
Visund Oilfield

Fekk smake på dei gode havbårene
Smaken av havet

Heising av venskapsflagg
Heising av venskapsflagg

https://lh3.googleusercontent.com/-rXgp99_OsH0/U4eaYptjE5I/AAAAAAABOwI/CQS477r2fsw/w958-h719-no/IMG_3756.JPG
I hamn i Lerwick, Shetland

https://lh4.googleusercontent.com/-EI3eJwMpT8o/U4efYqNIlvI/AAAAAAABOyg/4UPwkarGAaY/w958-h539-no/P5250074.JPG
Minnesmerket over dei falne shetlandsfararane under 2. verdskrig



https://lh5.googleusercontent.com/-uaN6_-A-JOg/U4e2krUdNTI/AAAAAAABO6A/O1AZ02s0qUk/w958-h719-no/G0030081.JPG
På heimveg

https://lh4.googleusercontent.com/-xFwe3YBehn4/U4fIpRpBcOI/AAAAAAABO-8/7274C5-W7Og/w958-h539-no/P5270165.JPG
Nok ein plattform i sikte på styrbord

https://lh4.googleusercontent.com/-ojxqDEuPvMY/U4s5LokgIBI/AAAAAAABRVY/c5jSUzOMIB0/w958-h719-no/IMG_0075.PNG
Turen til Shetland

https://lh6.googleusercontent.com/-UtDTwtXH62g/U4s5JXcnGRI/AAAAAAABRVM/7BmZFh23TrY/w958-h719-no/IMG_0074.PNG
Retur til Noreg


Med stadt i bakgrunnen





Med Stad i bakgrunnen

Lite vind i starten av turen gjorde at vi gjekk for motor til midnatt første dag. Da hadde vi kome godt frå land og Stad. Kl 00.20 fredag kunne vi sette fulle segl og slå av maskina. Sørleg vind gjorde at vi fekk eit fint kryss rett mot Lerwick. Overskya vær, men med god sikt. I gryotta spakna desverre vinden att, og maskin måtte til som tilleggskraft. På førehand var det bestemt at vi skulle nytte motorkraft om vi i lengre periodar kom under fire knop. Kl 07.00 kunne vi atter segle for fullt att. Og no hadde vi også mista telefonkontakta med Noreg - noko som verkeleg gav følelsen av å være fri på havet. Ved norskerenna opplevde vi mykje staumsjø - noko som gjorde det vanskeleg å halde oppe farta for kun segl. 

Eit par grader helling i rom sjø....

Seinare, i 10-tida, drog det på med 10-12 sekundmeter med fortsatt sørleg vind. Da vart det skikkeleg fart på skuta.  I 12- tida, etter vel 20 timar på tur, passerte vi oljeplattforma Visund, som er arbeidsplassen til ein nær nabo av underteikna. 

Statfjord B
Statfjord B

Fem timar seinare passerte vi også Statfjord B på styrbordside. Det er jammen nokre store installasjonar vi har der ute på havet. Om kvelden fredag kunne vi igjen få rein seglas, og då var også alle platformane passert på ruta vår.
Tidleg om morgonen laurdag var det tjukna til med litt tåke, noko som gjorde at sikta var nede i 3-4 nm. Dette gjorde at vi var kome ganske så nær Shetland før vi endeleg fekk landkjenning i 08- tida. Kl 11.00 (10.00 lokal tid) var vi fortøyde i Lerwick hamn. Eit stort og rørande øyeblikk for både skipper og mannskap. Første etappe av denne turen, som vi hadde planlagt så lenge, var gjennomført. Så var det tid for ankerdram, oppsummering, fish & chips og soving. Mykje soving. 

Det er viktig for ein skikkeleg seglas å ha med seg ein god kokk. Og det hadde vi, både under turen med heimelaga vakumerte kjøtkakemiddagar, og til laurdagsmiddag i Lerwick med førsteklasses slaktarhandla biff med mykje snadder og vin attåt.

https://lh6.googleusercontent.com/-mpiOXtlbB6M/U4ebVRdnxUI/AAAAAAABSFY/G5KwTrwMmfo/w958-h719-no/IMG_3769.JPG
Nydeleg servert biffmiddag frå skipskokken ombord i Ariel

Søndag morgon var det tid for å ordne seg med leigebil. Tur til Scalloway rett vest av Lerwick, der Shetlandslarsen museet ligg, og så sydover til sydspissen. Heilt til endes, der Sumburgh Head Lighthouse ligg. Spektakulær utsikt og rikt fugleliv. Deretter ein tur innom Jarlshof Prehistoric and Norse Settlement - utgravningar frå bla vikingtida, før vi på heimvegen reiste litt nordvestover til Rerwick Bay. Der kunne vi sitte i graset på klippa og nyte utsikta og synet av sel på stranda. Tilbake i Lerwick vart det tid til byliv, indisk takeaway og pub besøk før natta var der.

Mandag morgon var det tid for shopping, nedhenting av ferske værvarsel og dieselfylling før takeoff. Prisen for diesel er omlag den samme der som i Noreg. Forskjellen er at du må oppgje kor mykje som skal gå til motor og kor mykje som skal gå til varme, grunna små avgiftsforskjellar.

Kl 15.30 (14.30 lokaltid) var vi klare til å legge i veg heimover. Vinden hadde snudd og kom frå aust, noko som gjorde at vi valde ein meir nordleg rute heimover. Vinden bestemte retninga, og dei første ti timane var det berre å låse roret og trimme segla - skuta heldt stø kurs av seg sjølv. Og med vakker solnedgong frå klår himmel, vart dette ein knallstart på heimturen. Loggboka fortel at vi kl 23.00 norsk tid ikkje lenger såg land, og 25 minutter seinare passerte vi nullmeridianen. Ut på natta endra vinden til litt meir nordaustleg retning, og spakna litt. Kl 05.30 vart det ein fantastisk soloppgong, der vi også fekk sjå spekkhoggarar passere på litt avstand. 

https://lh3.googleusercontent.com/-SM_MkBLHYt4/U4fWnrizWyI/AAAAAAABPEY/2nJRAXgWgdw/w958-h539-no/P5280203.JPG
Nydeleg soloppgong

Eit par slag vart foretatt i løpet av tysdagen, for å bygge høgde. Med god seglvind, vart det på heimveg kun nytta motor i tilsaman 9 timar, mot 30 timar på turen til Shetland. Nokre ekstra sjømil og timar vart det jo, men ein kjempeflott seglas heim var det. Ruta på tur til shetland var planlagt i detalj, medan vi på heimveg kun segla etter vindforholda.Vindstyrken heim heldt seg stabilt på 7-9 ms frå NØ heile tysdagen, og om kvelden vart vi vitne til nok ein flott solnedgong i havet.

Kl 01.23 onsdag morgon hadde vi på ny landkjenning - Noreg. Etter å ha opplevd ein kjempeflott soloppgong langt utanfor norskekysten, byrja vinden så smått å spakne. Litt over kl 07.00 måtte vi atter starte maskina for å greie å passere Stad. Det var blikkstilt hav og sol frå heilt klår himmel då vi passerte Bukketjuvane, men så fekk vi vind frå Sørvest dei siste mila mot målet - Sandshamn på Sandsøya. Eit par kjenningar heimanfrå kom oss i møte med båt på utsida av øya, og fulgte oss trygt i hamn. Det var jo ekstra svært å bli mottatt på denne måten. Fortøyd kl 14.26, etter 47 timar på havet.

https://lh4.googleusercontent.com/-6jg_fc8F-i8/U4fXUyuTsuI/AAAAAAABPE4/oxZG8uXAs3Q/w958-h539-no/P5280212.JPG
Speilblangt hav ved Stad

På Sandshamn vart det på ny tid for ein skål, før vi sette i gong med spyling og vask samt lufting av puter og sengkle. Også rekkenettet vart skifta, noko som skipperen sette vært pris på.

Torsdag morgon starta vi på siste legget heim til Ørsta. I nydeleg sol og mest vindstille. Ein flott avsluttning på ein flott tur. Det vert nok ikkje siste gongen underteikna set baugen mot det opne hav. Skuta, som også var førstereis på havet, klarte seg godt. Og ikkje minst mannskapet.

Underteikna vil med dette rette ein stor takk til alle som har hjelpt oss å gjennomføre denne turen. Både med utlån av redningsflåte og grabbag, lån av satelittracker - slik at vener og familie kunne fylgje oss, og anna utstyr som trengtes for at sikkerheita skulle være ivaretatt om noko skulle skje.

Og ikkje minst må ein stor takk rettast mot eit strålande godt mannskap, som gjorde det lett å være skipper på turen:

https://lh6.googleusercontent.com/-OcU0inDOL6M/U4fYzp5Gc2I/AAAAAAABPF4/P-6AIQt_y5s/w958-h539-no/P5280224.JPG
Robert, Hans, Anders og Torgeir

Styrmann og maskinist - Robert Steinnes
Stuert og reiseleiar - Torgeir Steinnes
Kokk, navigatør - Hans Førde

Med helsing
Skipper på Ariel
Anders A. Steinnes

Tur-Retur Midsund i slutten av november

lagt inn 30. nov. 2013, 14:43 av Anders Albertson Steinnes   [ oppdatert 8. des. 2013, 06:16 ]

23 - 24. November 2013:
Det vart mange tankar som skulle gå gjennom hovudet til underteikna når ein såg været som melde seg for turhelga. Kuling til sterk kuling på kysten skal ein ikkje tøyse med. Og ihvertfall ikkje når ein skal frakte eit band som skal opptre samme kveld som vi tok laust. Men, har ein bestemt seg for å segle til Shetland, så må ein tole kuling på kysten. Her er hjelpa tross alt nær. Det vart ordna med alternativ plan frå Ålesund, om det skulle bli for voldsomt, og då var det berre å hoppe i det.



Laurdag morgon kl 0905 loffa "Ariel" ut av ørstahamna. Lett regn og rolege vindforhold, samt nokre plussgrader. Med ombord var fire karar frå bandet The Clinton Experience, som skulle halde konsert på Kroa i Midsund samme kveld. To av medlemmane var godt seglkyndige, så det skorta ikkje på godt mannskap. Vinden byrja å auke på utgjennom fjorden, og idet vi runda Rjåneset fekk vi 10-12 ms i hekken. Grunna usikkerheita på tida, valde vi å motorsegle, istaden for rein seglas. Og vinden skulle kome til å auke og auke. Da vi møtte losbåten midt i Vartdalsfjorden, vart det kalla opp for å få ein værrapport om Breisundet. 2 meter bølger og kuling fekk vi til svar, og dermed fortsette vi. 

   
Robert Steinnes og Roar Ose Ytrestøyl                                            
   
                                        Anders A. Steinnes og Robert Steinnes

Ved Eltrane fekk vi for første gong smake skikkeleg på kulingen. Men sjølv med 15ms og nesten kvit fjord, var stemninga god ombord. Vi låg forran ETA til Midsund, som på førehand var utrekna til 7,5 timar.
Sterkaste vinden skulle vi få etter at vi hadde passert Revet. Da hadde vi kast på opp mot 20ms. Men båten og mannskap takla det flott, og med ein toppfart på over ti knop, kom vi fram til Midsund over ein time før planlagt. Men da fekk vi jo berre ekstra god tid til å nyte middagen ombord - Vossakorv, poteter, fett og surkål.

   
                                                                      Hans Førde

Heimreisa dagen etter var sett til klokka 0900. Men etter å ha vore på konsert til kl 02, med påfylgjande samling i båten etter, kom ikkje skipper seg opp på beina før kl 0930. Dermed vart avreisa litt utsatt. Det var ok forhold da vi kasta loss frå gjestehamna, men vi hadde ikkje før stukke baugen inn i Midfjorden, så fekk vi sterk vind rett imot, og snøbyger. Kursen vart derfor sett mot Brattvåg, slik at vi kunne ha landkontakt om sikta skulle bli dårleg. Heldigvis var det berre byger, så vi var aldri i tvil på posisjon. Først etter at vi hadde gått gjennom Revet kunne vi heise segl, og då auka også farta. Vinden låg på det sterkaste rundt 15ms frå vest. 

   
                                                                                                                                                                                                                            Hans Førde

Mest vær fekk vi likavel først når vi nærma oss Eltrane. Sjøen inn frå havet var på ca tre meter og vindstyrken kuling til sterk kuling. Skal seie vi surfa bra da.
Etter å ha runda Hjørundneset, stilna det av, og så kom snøbygene tett igjen. Værst var det ved runding av Rjåneset, der sikta var så dårleg at ein ikkje kunne skimte fyret på Raudøyholmen. Men ved å halde nær land, gjekk det fint, og etter passering av Raudøya fekk vi klårvær siste rest inn Ørstafjorden.
For skipperen vart denne turen nok ein utfordring som har skapt enda meir tryggheit i forhold til båt, vær og navigasjon - altså eit steg nærare målet om å krysse over til Shetland i 2014.

Skipper Anders

Pinsetur til Øye - 17-20. mai 2013

lagt inn 2. jun. 2013, 04:12 av Ørsta Seilforening   [ oppdatert 3. jun. 2013, 04:27 av Anders Albertson Steinnes ]

Henta frå MøreNytt 19. mai 2013 

Feirar draumepinsa på Øye. MøreNytt på nett 19. mai 2013


Pinseturen til Øye i regi av Ørsta Seilforening må kunne kallast ein enorm suksess i år. Strålande vær, overlevbar badetempratur og flotte skiforhold gjorde helga til ei flott oppleving for dei heile 15 båtane som tok turen innover til vakre Øye denne helga. Her er nokre bilete som bevis på dette:

  
På veg inn Hjørudfjorden. Foto: Anders A. Steinnes
 
Foto: Anders A. Steinnes                                                                                                         Sykkeltur til Urke. Foto: Marit Steinnes
 
Kveldskos i solnedgong. Foto: Anders A. Steinnes                                                                    På tur til Kvitegga. Foto: Gunnar Knutsen
 
På sykkeltur til Lyngstølsvatnet. Foto: Anders A. Steinnes                                        Utanlandske turistar til Kais. Foto: Anders A. Steinnes

Med Ariel på hausttur - til Molde

lagt inn 11. okt. 2012, 10:24 av Anders Albertson Steinnes   [ oppdatert 11. okt. 2012, 10:45 ]

Alnes bada i morgonsol                                                                                        Passering av Ålesund

Å reise på båttur i haustferien har så absolutt blitt ein tradisjon for mannskapet ombord i Ariel. Så medan nokre pakkar ut av båten, pakka vi inn. Og målet for årets hausttur var Molde. Fredag 5. oktober kl 18.05 tok vi laust frå Ørstahamna. Opplett og solgløtt med 10.6 grader i lufta. Etter ein liten stopp på Raudøya, for å seie hei til folket ombord i «Elin», suste vi nordover Vartdalsfjorden for motor og genoa. Medvind og medstraum gjorde at vi heldt ein snittfart på 7 knopp heilt til Alnes. Etter å ha runda Hjørungneset, var det fyret på Godøya som var vår rettesnor. Det var god sikt, på tross av haustmørket. Dreide av ved Godøya mot Furkenholmen fyr, før det flotte fyret på Alnes kom til syne. Fortøyd kl 22.10 som einaste gjestebåt. Morgonen etter, laurdag, kl 08.55 bar det vidare nordover. Vind frå SV gjorde turen mot Molde til ein draum. Solgløtt og nydelege haustfargar. Leia gjennom Lepsøyrevet har blitt ferdig utbetra, med det til følge at vi hadde over 8 knops fart gjennom revet, grunna medstraum i den no ca 12 meter djupe renna. Framme i Molde kl 14.50 med god plass på Reknes gjestehamn. 

Molde i sikte                                                                Haustlektyre - Jomfruturen av Tania Aebi

Mannskapet forsvant på land i ein fart for shopping og byliv, medan skipper kosa seg med ein god bok av Tania Aebi - «Jomfruturen» - ei jente på knappe 18 år som legg ut på jordomsegling åleine. Før skumringa sette inn, kasta vi loss att og sette kursen over til Hjertøya. Der ligg bla. seglarhytta til Molde Seilforening, med dertil flott gjestebrygge forbeholdt seglbåtar. Og med haustmørket som senka seg vart det eit flott skue å sitte på brygga med utsikt over til den opplyste Molde by. 

Seilerhytta til Molde Seilforening
Molde by night                                                                        Seilerhytta til Molde Seilforening

I løpet av natta byrja det å blåse opp, og etterkvart kom det også kraftige regnbygar. Ved avgong kl 11.20 neste morgon, kunne vi måle over 10 m/s frå SV, og bygevær som gjorde sikta over til Molde dårleg. Men med gode instruksar til alt mannskap, gjekk det fint å ta seg over att til Molde. Ariel fekk 15 grader slagside på berre rigg under overfarten – som vart ein våt men spennande fornøyelse. Men for skipper er det i slikt vær at han verkeleg føler seg levande. 

I liten kuling frå Hjertøya til Molde                                                                            Morgonstemning frå Molde

Etter å ha fortøyd båten godt for kulingen som var i anmarsj, var det dags for å bli litt meir våt – turen gjekk til Moldebadet. Og med regnet høljande ned og vinden piskande på rutene kunne ein der nyte eit spabad med 35 grader i vatnet. Livet er fullt i kontrastar. Seinare på kvelden skulle vi på restaurant, og måtte gå i motstraum gjennom hundrevis av blåkledde moldensarar. Må seie dei har ein litt einspora smak når det gjeld fargar i Molde.
Om morgonen – kl 05.00 natt til mandag, hadde regnværet gitt seg litt, og vinden avtatt i styrke. Fortsatt var det vind frå sørvest, med ein hastigheit på rundt 5-6 m/s. Og dette stemte med meldingane som var gjevne – det skulle løye litt frå mandag. Etter enno litt shopping var vi klare for tur heimover i 14.30-tida. Mykje regn i starten - men det løya etter kvart. Etter at vi hadde passert Julsundet vart vi overraska av ein stor flokk grindkval som kom imot oss. Eit spektakulært syn, som vi desverre ikkje fekk fotografert. Har derfor lånt eit frå smp.no.
 
Møte med grindkval. Foto frå smp.no                                                Merkinga på Lepsøyrevet. Henta frå kystverket.no

Etter ein avstikkar til Midsund for å fylle diesel, var vi klare for å fortsette over Lepsøyrevet i mørket. Vinden hadde stilna av, men samtidig hadde temperaturen krøpe ned under fem plussgrader. Fire blinkande lys på kvar side gjorde turen over revet til ein avslappande og trygg tur. Men det er alltid med varsemd at skipper Anders går med båt på natta. Mellom Lepsøyrevet og Valderøya ligg grunna Hanen, og denne vekkjer alltid minner når den vert passert. No er der eit grønt markeringslys der, men slik har det ikkje alltid vært. På byrjinga av 90-talet gjekk eg over skulle eg passere her med min første seglbåt. Grunna manglande lys på Oksebåsen fyr ved Valderøya, kom eg litt ut av kurs og hamna på dette skjæret. Det gjekk bra til slutt, til tross for iherdig lensing med to pumper og vassbøtte. Men som ordtaket seier - Enten har ein gått på grunn, eller så kjem ein til å gjere det.

Takeoff Ålesund bada i morgonsol                                                                      Eltraneset og Breisundet i baugen               

I Brosundet kunne vi fortøye i 22-tida til stjerneklar himmel. Temperaturen skulle synke ned til under fire plussgrader i løpet av natta, men det var visst ikkje noko å skryte av når vi snakka med folk inne i Ørsta. Der hadde den vore under null. Morgonen etter fekk vi blå himmel så langt augene kunne sjå, og siste legg heimatt til Ørsta vart ein nytelse for den som var ute på dekk. Dermed var nok ein hausttur unnagjort, og båtlivet byrjar å nærme seg slutten for i år. Men ein skal aldri sei aldri, plutseleg har vi tatt laust att.

Anders A. Steinnes 
med mannskap
Oktober 2012

1-10 of 23