Siste nytt‎ > ‎

Klungsvågregatta 2013

lagt inn 12. aug. 2013, 11:38 av Anders Albertson Steinnes   [ oppdatert 13. aug. 2013, 00:06 av Ørsta Seilforening ]
Laurdag 10. august var det tid for Klungsvågregattaen 2013. Og jammen vart vi heldige med været også i år. Yr melde på førehand 0 ms, men sola redde oss frå svartestilla. 9 båtar stillte til start, med jamn vind. Også ein tiande båt møtte opp og blanda seg inne i Voldsfjorden, men denne hadde ikkje rukke starttida, og kunne derfor ikkje forvente nokon plassering. Etter passering av staken på Berkneset dabba det litt av, men ellers jamn god vind under det meste av seilasen. På slutten av regattaen vart det litt spenning rundt rekkefylgja, der Ariel tok att to båtar rett før mållinja. Det var også to båtar som ikkje greidde å fullføre på maxtida fire timar, grunna spaknande vind på slutten.
I klungsvågen vart det i år 7 båtar som ankra opp og vart til dagen etter. Overskyande vær la ein dempar på badinga, men seinare på kvelden, under grilling og premiering, kom sola att, og vi fekk nyte solnedgongens flotte fargar. Det skulle vise seg etter utrekna lystid at det berre var 33 sekund som skilde første og andre plassen. Ein må derfor gratulere mannskapet ombord i Wind Eagle med ein meget knepen siger. Med bålkos på grillplassen vart også årets klungsvågregatta avslutta ut i dei seine nattetimar.

EtternamnBåtmerkeModellStandard påmendtFrådrag tid for startbåtKlokketidLYS-tidAlternativ LysPlassering
OseJeanneauSO 45.21.222:48:5403:26:031.231
BjerkvikBeneteauOceanis 4231.220:03:002:53:1003:26:361.212
AambakkJeanneauSO 391.242:50:5003:31:501.223
SteinnesBavaria38 Holiday1.163:10:2103:40:481.194
HaugenJeanneauSO 3611.183:20:3103:56:361.25
EikremBeneteauOceanis 4231.233:20:3404:06:416
GjøsdalBavaria38 Holiday1.151.18DNF
HelsetALO331.071.1DNF

Under startprosedyra på Rjåneset.    
Foto: Anders A. Steinnes
  
Foto: Wenche Solheim
  
Foto: Wenche Solheim
    
Foto: Anders A. Steinnes
  
Foto: Albert P. Steinnes
  
Foto: Anders A. Steinnes
  
Foto: Anders A. Steinnes
  
Foto: Bjørn Helset


Om du har Google Earth på din PC, kan du om du vil laste fila under ned og sjå tracket til Ariel under Klungsvågregattaen 2013.

ċ
KLUNGSVÅGREGATTA 2013 - Ariel.kmz
(32k)
Anders Albertson Steinnes,
12. aug. 2013, 11:38
Comments