Siste nytt‎ > ‎

Intercity 2012 - Molde-Ålesund

lagt inn 1. jun. 2012, 08:56 av Anders Albertson Steinnes   [ oppdatert 5. jun. 2012, 06:19 av Ørsta Seilforening ]
Tradisjonen tru er det snart tid for den store regattaen mellom våre to store byar. Laurdag 9. juni kl 07.55 går startskotet i Intercity som i år går frå Molde til Ålesund. Det er som tidlegare fritt banevalg mellom dei to byane. Starten går ved Seilet i Molde, og målgang er ved Steinvågsundet i Ålesund. Etter målgong vert det servering av mat og drikke samt premieutdeling på seilarhytta til ÅSF på Gåsholmen. Dei siste åra har ØSF stillt med 2-3 båtar til start. Ein må være medlem av NSF - Norges Seilforbund, men dette kan gjerast ved å melde seg inn i Ulstein Seilforening. Det kostar 300.-. Påmelding til Intercity 2012 gjer ein gjennom Ålesund Seilforening si side.

Regattaen er lisens-pliktig og lisens betales direkte til NSF på http://www.seiling.no/Regatta/Sider/Lisens.aspx

Pr. 01.06.2012 er det tre båtar frå Ørsta underteikna veit om har tenkt seg til Molde. Det er ARIEL, VOLANTE og FRIDA. Det er ein flott oppleving og kan anbefalast. Sjå påmeldingslista:







Frå starten - Intercity 2008. Foto: Anders A. Steinnes

Middag og premieutdeling på seglarhytta til ÅSF på Gåsholmen - Intercity 2008
Foto: Oddvar Marøy

Oddvar Marøy var med som mannskap ombord i Kasita - Intercity 2008
Foto: Anders A. Steinnes


Flotte hamneforhold på Gåsholmen - Intercity 2008. Foto: Anders A. Steinnes

Comments