Siste nytt‎ > ‎

Hauststormen 2014

lagt inn 27. sep. 2014, 17:14 av Anders Albertson Steinnes
https://lh6.googleusercontent.com/-J4WhHeEHxSo/VCbsDTOsPxI/AAAAAAAB91M/zXH6_cJrLgg/w958-h719-no/IMG_0154.JPG
Årets hauststormregatta såg ut til å kunne bli ein skikkeleg "hauststorm"-regatta. Starttida vart da også flytta to timar, grunna sterke vindmeldingar. Ved starten kl 11.45 hadde difor vinden løya noko, og gav varierande styrke for regattastart, etter gunder metoden. Gjennom Yksnøysundet var gruppa nokså samla, noko som førte til at det vart trangt om plassen under kryss i sundet. Legget frå Yksnøya inn til Bjervika gav varierande vindstyrke- og retningsforhold. Under runding av Lidaholmen opplevde fleire tidvis at vinden forsvant heit, eller at vinden konstant skifta retning. Frå Berkneset og over til Raudøya fekk dei fleste jamn god vind frå vest-sørvest, før den atter skulle bli svak eller opphøre heilt ved Raudøyholmen. Før alle båtar hadde passert bøya ved Digernes, var makstida på fire timar opphøyrt, og det vart derfor bestemt avkorting ved Raudøya. Årets regatta vart gjennomført i meir eller mindre konstant nedbør, i form av regn. Gratulerer til Volante og skipper Kjell Sævik, som gjekk av med sigeren, og dermed får overta vandrepokalen.




RESULTATLISTA - avkorting ved Raudøya:

1. Kjell Sævik                Volante               Bavaria 46 Cr
2. Bent Nilsen                Anne Lise          Bianca 107
3. Sverre Aambakk        InSuNo             J.SO.39 Per
4. Arne Østgaard            Desiree            J.So.42i
5. Atle Bjerkvik                Memore Bell    Oc 423
5. Tor Taftesund             Marie                Oceanis 48
7. Anders Steinnes         Ariel                  Bavaria 38
8. Per Terje Haugen       Blue Quest       S.O. 36i
9. Oddvar Marøy             Frida                Oc 361


  https://lh5.googleusercontent.com/-wcfUIQYv2hI/VCbz1GvMNPI/AAAAAAAB938/IcnaWk3lEO4/w637-h849-no/IMG_0168.JPG  https://lh4.googleusercontent.com/-YgQTO2g_tZc/VCb0NAF_zrI/AAAAAAAB94s/MFyoVHPywtw/w637-h849-no/IMG_0172.JPG
Ariel etter runding av staken ved Yksnøya. Foto: Frode Steinnes

https://lh3.googleusercontent.com/-Aohe_clqk8k/VCb7gteLTbI/AAAAAAAB-RE/AP8l7QQp5EM/w957-h700-no/IMG_0207.JPG   https://lh5.googleusercontent.com/-D2hLa1S5O-I/VCcCrosB3II/AAAAAAAB-SE/zmf8kw2GlYU/w958-h638-no/IMG_0215.JPG
Før runding av Lidaholmen, Bjerkvika. Foto: Frode Steinnes

https://lh6.googleusercontent.com/-56Z364SLbrI/VCcC1oPqGEI/AAAAAAAB-SU/drpZP8JdTqM/w958-h627-no/IMG_0217.JPG   https://lh5.googleusercontent.com/-hgR3Cq4Y5tw/VCcDGMPeSsI/AAAAAAAB-So/oy6fEb_EPmM/w957-h605-no/IMG_0220.JPG

https://lh4.googleusercontent.com/-Po1s8Q29DSg/VCcDVhVgzwI/AAAAAAAB-CI/6F20t8jFtKc/w637-h849-no/IMG_0223.JPG   https://lh3.googleusercontent.com/-HuPcqcCJYBw/VCcEM5VKynI/AAAAAAAB-Do/DCH9H4H_8hM/w637-h849-no/IMG_0231.JPG   https://lh5.googleusercontent.com/-809UwB_K34g/VCcIDUz2IxI/AAAAAAAB-E0/mj1QNoDX9JA/w637-h849-no/IMG_0237.JPG
Runding av staken ved Lidaholmen vart foretatt på kloss hold av Ariel. Andre var meir på kloss hold av kvarandre.  Foto: Frode Steinnes

 
https://lh4.googleusercontent.com/-L67xIkg1w_0/VCcJUcsl3qI/AAAAAAAB-IY/olzDxszIFeI/w958-h719-no/IMG_0256.JPG       https://lh5.googleusercontent.com/0tELMH9TIcXiRtVBkEjXUZpIJortEAeCn9Q7Ojsqc8FS=w958-h719-no
Premiefest på Ankerstova med utdeling av deltakarpremiar sponsa av Retura, og vandrepokalen, som i år vart overrekt til Kjell Sævik, Volante.






















Comments