Siste nytt‎ > ‎

Gunderseglas onsdag 27. mai 2015

lagt inn 28. mai 2015, 10:54 av oddvar@maroy.org   [ oppdatert 29. mai 2015, 01:01 av Anders Albertson Steinnes ]
https://lh3.googleusercontent.com/EHgZvZyBr3_TRLzpv4eKiTz_Kep2WHswNeDRbUN_6sIM=w1280-h720-no
Skarpseglas vart det ikkje, men for den som stod på land og følgde med, var det spennande å sjå korleis det vesle som var av vind, hjelpe den eine og den andre til ulike tider. Ytst i fjorden var det meir framdrift, men då feltet nærma seg runding ved Rystelandet samla båtane seg noko meir, og ved målgang var det ei tid stor spenning om tredje plassen. Bent Nilsen låg likevel i tet heile regattaen og fekk nok ein ny siger. Sjå resultatet her.
Comments