Siste nytt‎ > ‎

Gunderseglas frå Rjåneset 17/6

lagt inn 17. jun. 2015, 14:05 av oddvar@maroy.org
Flotte forhold ved start, laber bris frå vest. Litt diskusjon om kva tidtabell som skulle nyttast. 
Yr.no meldte ei vindbyge rundt klokka 1800 og dersette spaknande vind.
Og yr.no hadde berre so altfor rett. Etterkvart som båtane kom aust om lykta på Rjåneset, sigla alle seg inn i vindstilla. Der venta ein tolmodigt på vind ein heil time.
Kl 2056 kom eit drag frå søraust som gav framdrift, men makstida kl 2100 vart det ingen som greidde. 

Ein liten fight mellom Per Terje og Bent om kven som likevel kunne kome først over målstreken, til trass for at regattaen var over. Gratulerer til Per Terje, som likevel kun får deltakarpoeng som alle andre.
Nedanfor eit situasjonsbilde som kanskje er det dei fleste hugsar best frå denne regatten. Per Terje og Bent nokre minutt før sluttspurten.
Comments