Siste nytt‎ > ‎

Flott onsdagsregatta frå Rjåneset

lagt inn 2. sep. 2015, 12:35 av oddvar@maroy.org   [ oppdatert 2. sep. 2015, 13:25 av Anders Albertson Steinnes ]
https://lh3.googleusercontent.com/9Sfru-zHitrhiXWwZbKIGJdQridbfcuU8oTwb39jnhh7=w1645-h925-no
På grunn av mangel på vind i Ørstafjorden vart regattaen flytta til Rjåneset. Eit klokt val.
Banevalet var runding av Yksnøya og retur til Rjåneset med målgang ved overettline mellom lykta på Rjåneset og Trafostasjon i Eiksund.
Øye/Knutsen og Marøy vart vinka av ved Rjånest for ugyldige målpasseringar. Begge var for langt frå neset og måtte vende tilbake for å få godkjent.
Nok ein flott regatta frå Rjåneset. Kanskje fleire regattaer bør gjennomførast der i staden for innerst i Ørstafjorden.
Atle Bjerkvik var først i mål og hadde god margin på konkurentane og fekk ein fortjent siger. Det luktar av samanlagtsiger no.


Memora Bell, 4-Life og Anne Lise først over start. Foto: Ariel/Anders A. Steinnes
Comments