Ørsta Seilforening har sommaren 2011 lagt ut to nye bøyer for båtfolket. Desse er lokalisert ved Raudøya. Den eine ligg omtrent midt på øyas nordlege side, medan den andre ligg mellom Raudøya og Raudøyholmen.

Frå før har Ørsta Seilforening sett ut to andre fortøyingsbøyer i Klungsvågen på Eika. Alle bøyene er merkte med Ørsta Seilforening og kan nyttast av alle fritidsbåtar som alternativ til anker. Bøyene kan ikkje nyttast som permanent fortøying.